Ser du skuggen, kvinne, korleis han lystrar deg? kven var det som lærde deg å føre skuggar? kroppen er i ditt grep, men vit, du kan bevege verda. lyd er luft som vibrerer. skugge er mørker som flakkar. små spor på lerretet. kva er vel mennesket, om ikkje skugge. kva er vel vi, om ikkje fråvera av lys? kvinne, du er ei ein skugge. ta lerretet i hendene, riv det ned. sjå ei på skuggen din, og tru det er deg. du kan bevege verda.